Substantiv

Substantiv i norsk er ord som har eitt av tre grammatisk kjønn: hankjønn, hokjønn eller inkjekjønn. Kjønnet kan vi sjå på om vi må setje ein, ei eller eit føre ordet. Ein markerer hankjønn, ei markerer hokjønn og eit markerer inkjekjønn. Til dømes er bok eit substantiv fordi det berre kan heite ei bok, ikkje *ein bok eller *eit bok. Denne eigenskapen skil substantiva frå adjektiva. Substantiv blir bøygde i tal og bestemtheit.

Grunnform og stamme

Den forma som kjem etter ein, ei eller eit er grunnforma av substantivet. Grunnforma består av berre stammen, det vil seie at ho ikkje har noka bøyingsending. Andre former av substantiva får vi ved å leggje bøyingsendingar til stammen. Til dømes består boka av stammen bok og bøyingsendinga -a. Av og til får endringar i stammen òg. Til dømes består forma bøker av den endra stammen bøk og bøyingsendinga -er.

Kjønn i nynorsk

Folk som lærer seg norsk som framandspråk må lære kva kjønn kvart ord har. Det slepp dei fleste som har ein norsk dialekt som morsmål, for kjønnet i skriftleg nynorsk er stort sett slik det er i dialektane. Men det er likevel ein del variasjon mellom dialektane, nokre ord kan ha ulikt kjønn i ulike dialektar. Noko av denne variasjonen finn vi att i nynorsk skriftspråk, men i nynorsk.org-normalen har kvart ord berre eitt kjønn. Som hovudregel er det vanlegaste kjønnet valt.

Blant dialektane er bergensdialekten den mest spesielle når det gjeld kjønn. Dei som snakkar bergensk brukar berre to kjønn, ikkje tre slik det er i andre dialektar. Det som elles er hankjønn og hokjønn, er slått saman til felleskjønn i bergensk. Det vil seie at bergensarar må lære å skilje mellom hankjønn og hokjønn. Den beste måten å lære det på, er å lese mykje nynorsk.

Kjønn i bokmål

Mange som snakkar bokmål kan òg ha problem med å skilje hankjønn og hokjønn, men tokjønnssystemet i bokmål er mindre gjennomført enn i bergensk. Mange som snakkar bokmål vil seie ei jente. Men det er berre nokre få ord som til vanleg får ei som artikkel. Til dømes heiter det vanlegvis en bok, sjølv om bok eigenleg er hokjønn. Den neste sjekken då er å spørje om det heiter boken eller boka. Substantiv som kan få endinga -a i staden for -en er hokjønn. Denne testen fangar heller ikkje opp alle hokjønnsord, til dømes vil dei fleste bokmålstalarar seie skriften i staden for skrifta sjølv om skrift er hokjønn.