Adjektiv

Adjektiv i norsk er ord som avhengig av samanhengen kan ta alle tre kjønna, det vil seie at dei kan få både ein, ei og eit føre seg. Tenkjer vi til dømes ei kule, kan vi snakke om ei svart, er det ein hest vi refererer til kan vi snakke om ein svart. Til samanlikning kan kvart substantiv berre ha eitt kjønn, det heiter alltid ei kule og ein hest.

Etter denne definisjonen er presens partisipp å rekne som adjektiv, til dømes hoppande i eit hoppande barn og ein hoppande unge. Likeins må perfektum partisipp reknast til adjektiva, til dømes lånt i ein lånt bil og ei lånt bok.

Mange adjektiv blir bøygde i kjønn og tal, til dømes ein stor, ei stor, eitt stort og mange store. Dei har òg ei bunden form som alltid er ubøyeleg: den store, det store, dei store. Mange adjektiv har dessutan gradbøing: stor større størst.

Bruk

Adjektiv skildrar oftast eigenskapar ved substantiv. Vi kan setje adjektivet føre substantivet: ein svart hest, dette kallar vi attributiv bruk. Vi kan òg knyte adjektivet til substantivet med å vere eller å bli: hesten er svart eller lauva blir raude. Dette kallar vi predikativ bruk.

Adjektiv kan òg skildre verb. Til dømes kan adjektivet roleg (ein roleg kar) skildre verbet å køyre: å køyre roleg, han køyrer roleg. Dette kallar vi adverbial bruk. Til slutt kan adjektiv modifisere adjektiv og preposisjonar: svært snill, hoppande galen, heilt ut, langt bortanfor. Adjektiv som ikkje står til substantiv får alltid inkjekjønnsform: svært snill, ikkje *svær snill.

Nokre adjektiv kan berre brukast adverbialt: å køyre fort, men vi kan ikkje seie *ein fort bil eller *bilen er fort. Desse orda fell utanfor definisjonen av adjektiv som er brukt i innleinga her, men vi inkluderer dei likevel fordi dei til liks med adjektiva har gradbøying: fort – fortare – fortast.